Hovedsida

Uavgjort borte mot Herd 2


Herd 2 – Valder 1-1 (0-1)

I dag reiste vi til Moa for å møte eit sterkt Herd 2 lag. Herd 2 var før kampen inne i ei svært god seiersrekke. Mellom anna slo dei Blindheim på bortebane sist kamp. Når vi i tillegg til form tek med at Herd stilte eit sterkt lag i dag, og har ein meget god heimebanestatistkk, så såg vi på dagens kamp som årets tøffaste utfordring.

Heldigvis er vi også svært gode. Vi tok bra tak i kampen (sett bort frå dei første 5 minutta) ved å tørre å bruke ballen og halde god struktur defensivt. I tillegg vann vi dei fleste av duellane både i forsvar og på midtbana.

Etter kvart begynte vi å skape situasjonar framfor målet til Herd 2. Og då Olai satt 1-0 midt i 1.omg var det fullt fortjent. Eit strålande angrep der vi vinn ball lavt i bana, spelar raskt framover, finn Steffen i mellomrom som trer Olai nydeleg gjennom og Olai set ballen sikkert i mål.

2. omg startar litt som første. Herd 2 prøver å stå litt høgare og lykkast første 5 minutta. Men så tek vi over igjen ved å vere trygge med ballen og solide defensivt. Herd 2 skapar ingenting i denne perioden.

Etter 75-80 minutt begynner vi å slurve med pasningsvala våre. Kanskje er vi slitne? Dette gjer at Herd 2 får kome lettare til. Herd 2 klarer i denne sluttfasen å skape eit vedvarande trykk på oss. Samstundes ryddar vi fint opp i bakre rekker når Herd 2 nærmar målet vårt. Dessverre får Herd straffe rett før full tid. Eit fint innlegg frå høgresida går på bakerste der det er mange duellar. Ein av Herd sine spelarar går i bakken og dommaren bles straffe. Om det var straffe er vanskeleg å seie, men det er tøft dømt med tanke på at vi vart snytt for ei soleklar straffe på 1-0 etter ein hands i feltet. Herd 2 sin spiss set ballen sikkert i mål.

Sjølv om ingen av laga skapte mange store sjansar, var dagens kamp av svært god kvalitet. To gode, spelande lag. Dagens største sjanse hadde vi på overtid då Preben kom seg rundt på venstresida og åleine med keeper (litt spiss vinkel) tvinger keeperen til ei god redning.

Totalt sett synest vi at vi er det beste laget. Det er svært surt å sleppe inn så seint i kampen. Samstundes skal vi glede oss over mange gode prestasjonar mot eit meget bra 5.div lag. Kanskje det beste laget vi har møtt i år.

No har vi to heimekampar på rad. Først mot Ellingsøy, deretter Åram. Håper mange tek turen desse kampane. Det fortener spelarane som har levert ein svært god sesong hittil, og som er innstilte på å avslutte like bra.

Laget i dag i 4-4-2: Peter T, Tobias, Peter L, Erlend S, Mikal, Shafi, Steffen, Erlend H, Preben, Levi og Olai.

Nytta reserver: Jon, Ole Kristian og Oskar.
Unytta reserver: Markus og Magnus.


Dagens målscorer for Valder, Olai Landgren Rørstad i kvit drakt for anledningen, som jobbet utrettelig gjennom hele kampen.

<<< Tilbake

BARNEIDRETT

01.09.2018Valderleikane 2018 på Aksla st...
29.08.2018Barneidrett er GØY!!
20.08.2018Medlem i IL Valder?
19.08.2018Klart for siste halvdel av åre...
05.06.2018Tine fotballskole
27.05.2018Flott keepersamling på Valderv...
24.05.2018Hvem tar du med på JUBEL fra I...
17.05.2018Gratulerer med dagen.
09.04.2018Invitasjon til årets Valderløp...
03.04.2018Barneidrett for barn født i 20...

FOTBALL

23.09.2018Ukens kamper på Valdervoll
20.09.2018Seier til damelaget
16.09.2018Ukens kamper på Valdervoll
13.09.2018Seier for herrelaget borte mot...
12.09.2018Lokaloppgjør i 4. divisjon. Go...
09.09.2018Ukens kamper på Valdervoll
07.09.2018Kampdag 4. divisjon Herrer. Va...
06.09.2018Seriekamp 4. div. Kvinner: MSI...
02.09.2018Ukens kamper på Valdervoll
31.08.2018Det gror godt i jentefotballen...

FRIIDRETT

10.09.2018Storehornet 497 utsatt til søn...
08.09.2018Vi gratulerer Marcus Megrund (...
02.09.2018Resultatliste fra dagens Valde...
01.09.2018Valderleikane 2018 på Aksla st...
20.08.2018Medlem i IL Valder?
17.05.2018Gratulerer med dagen.
08.05.2018Fantastisk Tinestafett på Vald...
21.04.2018Ny løyperekord under dagens Va...
20.04.2018Tidsskjema for Valderløpet + i...
12.04.2018Hedres av friidrettsforbundet

HANDBALL

09.09.2018Lærerik Bringkvalik
06.09.2018Vi gratulerer Madelen Roald Wi...
03.09.2018Bringserien J16 - Nasjonal ser...
20.08.2018Medlem i IL Valder?
25.05.2018Byåsenakademiet kommer til Val...
23.05.2018Vi gratulerer Valder jentene m...
17.05.2018Gratulerer med dagen.
22.03.2018Jenter 14 til Peter Wessel Cup...
01.02.2018Årsmøte i Håndballgruppen
22.12.2017Valder ønsker alle ei god jul ...
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as