Seniorgruppe i IL Valder? |
Etter å ha arbeidd med jubileumstoff har eg og Øyvind Kringstad lufta tanken om ei seniorgruppe. Vi trur det kan vere interesse for dette. |
Vi ønskjer derfor velkomen til ein sosial prat på klubbhuset tirsdag 27.september kl 19.00. Biletutstilling står framleis oppe! Vi ordner med kaffi og håper at folk som har interesse av å etablere ei slik gruppe kan ta seg ein tur. Så får vi snakkast om korleis eit slikt tiltak kan ordnast. Alle som har bikka 50 og har lyst til å vere med, er velkomne. Ingen forpliktingar. Vi har sendt ut sms om dette til ein del folk, men det er berre eit tilfeldig utplukk. Har du lyst, kjem du. Valder-helsing Roar og Øyvind! |
<<< Tilbake |