Handball

Handball J16


Sist helg var det stor aktivitet på handballfronten for J16. Fredag ettermiddag starta dei med trening på Valdervoll, for å teste ut korleis det er å spele handball på kunstgras. Om ca. to veker reiser dei, saman med J14, til Partillecup i Göteborg. Der skal alle kampane spelast utandørs på kunstgrasbaner.

Etter trening trekte dei inn i klubbhuset til spelarmøte med fokus på neste sesong. Etter det var det taco og sosialt samvær (og overnatting) som stod på menyen.
Søndagen var det duka for treningskampar. Først ute var det Hødd som var motstandar. Jentene fekk ein god start og leda tidleg 6 – 2. Resten av kampen var dei i føringa med 3 og fire mål. Sluttresultatet vart 13 – 10. Spesielt forsvaret sat godt i denne kampen.

Neste kamp var mot Aksla/Rollon. Sidan dei vann solid mot Hødd, venta Valder sterkare motstand. Slik blei det ikkje. Våre jenter skrudde opp tempoet nokre hakk og scora mange flotte mål på kontra. I tillegg viste spelarane at dei kan avslutte frå dei alle posisjonane på bana. Det vart mange fine og varierte angrep. Når keeperane i tillegg har ein god dag så blir det vanskelig for motstandaren. Sluttresultatet vart 19 – 11 til Valder. Ikkje verst på 2x20 min.

Både Aksla/Rollen og Hødd gav gode tilbakemeldingar for initiativet og vil gjerne kome tilbake. Begge laga er motstandarar til hausten. Det var godt oppmøte av publikum og positive og engasjerte foreldre.

Heia Valder!

<<< Tilbake

BARNEIDRETT

01.09.2018Valderleikane 2018 på Aksla st...
29.08.2018Barneidrett er GØY!!
20.08.2018Medlem i IL Valder?
19.08.2018Klart for siste halvdel av åre...
05.06.2018Tine fotballskole
27.05.2018Flott keepersamling på Valderv...
24.05.2018Hvem tar du med på JUBEL fra I...
17.05.2018Gratulerer med dagen.
09.04.2018Invitasjon til årets Valderløp...
03.04.2018Barneidrett for barn født i 20...

FOTBALL

12.12.20183 Valder-spillere tatt ut til ...
09.12.2018Kretstinget 2018 og priser til...
05.12.2018Fornyet tillit for våre toppdo...
24.11.2018Julebord og utdeling av priser...
24.11.20182 Valder jenter fra J13 med da...
16.11.2018Marine Harvest Cup i Vigrahall...
13.11.2018Valder med 3 jenter da Bylagen...
07.11.2018Satelittaktivitet på Valdervol...
02.11.2018Bli med å stem på Årets spille...
26.10.2018Tap for Valder i sesongavslutn...

FRIIDRETT

20.10.2018Marcus Megrund med seier og ka...
10.09.2018Storehornet 497 utsatt til søn...
08.09.2018Vi gratulerer Marcus Megrund (...
02.09.2018Resultatliste fra dagens Valde...
01.09.2018Valderleikane 2018 på Aksla st...
20.08.2018Medlem i IL Valder?
17.05.2018Gratulerer med dagen.
08.05.2018Fantastisk Tinestafett på Vald...
21.04.2018Ny løyperekord under dagens Va...
20.04.2018Tidsskjema for Valderløpet + i...

HANDBALL

09.09.2018Lærerik Bringkvalik
06.09.2018Vi gratulerer Madelen Roald Wi...
03.09.2018Bringserien J16 - Nasjonal ser...
20.08.2018Medlem i IL Valder?
25.05.2018Byåsenakademiet kommer til Val...
23.05.2018Vi gratulerer Valder jentene m...
17.05.2018Gratulerer med dagen.
22.03.2018Jenter 14 til Peter Wessel Cup...
01.02.2018Årsmøte i Håndballgruppen
22.12.2017Valder ønsker alle ei god jul ...
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as