Fotball

Poengdeling mellom Valder og Bergsøy i ein svært innhaldsrik kamp på Valdervoll


Valder - Bergsøy 2-2 (0-0)

Valder og Bergsøy, som begge var ubeseira før dagens oppgjer, møttast i dag på Valdervoll. Etter dagens 2-2 resultat, så er vi begge fortsatt ubeseira i årets 4. divisjon.

1. omgang i dagens oppgjer var ein sjansefattig affære. Bergsøy låg djupt og vi hadde mykje ball, riktignok utan å kome til målsjansar som det er verdt å skrive om. Nærast scoring var vel eigentleg Bergsøy, når Franjo Tepuric får stussa eit innkast i stolpen og ut.

2. omgang åpner med eit klart Valder-overtak og vi er nære å gå opp i 1-0. Først er det Andreas Mulelid Kvam som er aggressiv og pressar Bergsøy keeperen på eit tilbakespill, vinn ballen, men plasserer den dessverre til side og bak det tomme målet.

Etter 55 min tråkler Valder seg elegant gjennom Bergsøy forsvaret med ein-touch pasningar, før ballen til slutt ender hos Andreas. Han får til ein OK avslutning, men ballen skrur litt for lite og går like tilside for lengste stolpe.

Vi er på nytt veldig nære scoring etter 60 min når Andreas legg hardt inn frå venstre, ballen triller mellom beina på Jonathan Mulelid som står aleine på blankt mål. Kunne eigentleg berre styre den i mål. Enorm moglegheit.

Preben Skaugseth Valderhaug er også veldig nære med eit hardt volleyskudd, men keeper er raskt nede og redder forsøket.

Bergsøy hadde også sine sjansar og Franjo er nære å setje ballen i mål på ein lobb, men Sven Nordstrand får så vidt fista til corner.

Etter 66 min og kanskje litt mot spelets gang, så går Bergsøy opp til 0-1. Magnus Myklebust kjem seg fri på bakerste og styrer inn eit innlegg fra Bergsøy's høgreside.

Etter 82 min kjem utlikninga vår når Preben Skaugseth Valderhaug slår eit perfekt innlegg frå vår høgreside og Andreas Mulelid Kvam kjem inn i boksa og får breisida ballen i mål.

Før vi har fått satt oss ned igjen, så blir same Andreas spelt igjennom i bakrom og aleine med keeper er han sikker og sender Vader i føringa med 2-1.

Etter dette pressar Bergsøy på for ein utlikning og spelet bølgjer no fram og tilbake. Like før kampslutt blir ballen løfta inn foran Valder-målet kor Petter Aasen får tatt den ned og satt den sikkert i mål.

Umiddelbart er det skuffande at vi ikkje klarte å halde unna i sluttminuttane, men alt i alt var nok poengdeling eit greit resultat.

Dagens store spelar var Steffen Oksnes Elde, som dermed også vinner pizza sponset av Pizzabakeren Øysenteret. Steffen var saman med Erlend Synnes Skjong dominerande på midten. Erlend måtte dessverre gi seg ut i andre omgang etter fleire smellar, men i år har vi ein solid og brei stall og er ikkje like sårbar som tidlegare sesongar.

Andreas Mulelid Kvam viser igjen at han både er og vil bli ein viktig spelar for oss denne sesongen. Jobbar utretteleg og puttar i dag 2 mål mot sine tidlegare lagkameratar.

Vi takkar eit entusiastisk heimepublikum for kampen og håper dykk er klare for ny kamp heime på Valdervoll allereie komande veke. Då er det nyopprykka Blindheim som kjem på besøk.

Som tabellen nedanfor viser, så er det tett i toppen og vi skal jobbe knallhardt framover for å halde oss der og då er dykkar støtte viktig.
Sjekk ut bildene fra dagens kamp fra Øy-Blikk.

Banens beste i dag; Steffen Oksnes Elde.

Dagens 2-målsscorer; Andreas Mulelid Kvam.

Dagens mannskap.

Rundens resultater og oversikt over neste runde i årets 4. divisjon.

Oppdatert tabell 4. divisjon, Sunnmøre.

<<< Tilbake

BARNEIDRETT

24.08.2019Ny vellykket Miniturnering gje...
23.08.2019Miniturnering på Valdervoll lø...
17.08.2019Vi treng deg som vaksen i barn...
17.08.2019Til foreldre med barn født i 2...
27.06.2019Sommerhelsing frå dagleg leiar...
10.06.2019Fjellquiz til Signalen
05.06.2019
17.05.2019Gratulerer med dagen
30.03.201970 blide og motiverte jenter p...
29.03.2019Mye aktivitet i regi av IL Val...

FOTBALL

16.09.2019Ukens kamper på Valdervoll
13.09.2019Kampdag 4. divisjon: Bergsøy -...
08.09.2019Ukens kamper på Valdervoll
06.09.2019Valder G16 med seier hjemme på...
05.09.2019Valder med 3-2 seier over Norb...
05.09.2019Støtt Valder A-lag herrer ved ...
05.09.2019Dagens kampsponsor - Nordstran...
01.09.2019Ukens kamper på Valdervoll
30.08.2019Tap og seier på Valdervoll i k...
30.08.2019Gutte 16 og Gutte 11 med kamp ...

FRIIDRETT

27.06.2019Sommerhelsing frå dagleg leiar...
17.05.2019Gratulerer med dagen
01.05.2019Valderløpet 2019 - Kort oppsum...
01.05.2019Hjemmeseier på herresiden unde...
16.04.2019Invitasjon til årets Valderløp...
11.04.2019Jentebølgen 2019 - Bli med du ...
04.04.2019Maracus Megrund med løyperekor...
26.02.2019Valderløpet 2019 arrangeres on...
13.01.2019Marcus har beholdt fjorårsform...
31.12.2018IL Valder ønsker alle et godt ...
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as