Fair Play vert

På kvar heimekamp skal laga eller arrangørlaget stille med ein Fair Play Vert. Lagleiar kan sette opp ei liste der foreldregruppe roterer på å være FP-vert.

Fair Play-verten skal:

  • vere synlig ved å ha på seg FP-vest.
  • ta i mot dommaren og tilby kaffe eller liknande, rett og slett skape god atmosfære.
  • ta imot motstanderlaget og sørge for at dei finn garderobe.
  • dele ut foreldrevett kort ved behov under kamper og arrangement.

Den obligatoriske FairPlay-hilsenen:

Å handhelse er ei god skikk og eit klassisk uttrykk for gjensidig respekt. I alle kamper skal det gjennomførast Fair Play-hilsen både før og etter kampen. Dette skal gjøres midt på bana med dommar eller dommar- trio til stades i midten. Det same skal gjøres etter kampen. Laglederne på begge laga er saman ansvarleg for at prosedyra skjer på denne måten. Og vi i Valder oppfordrar trenerteam om å gå saman med laget for denne hilsenen.

Slik skal FairPlay-hilsenen gjennomføres:

Dommeren bles i fløyta og laga samlas.

  1. Heimelaget tek initiativet når alle spelarar har stilt seg opp.
  2. Lagkapteinen står først i rekka og leier an laget, lagleiar er sist i rekka.
  3. Heimelaget handhelser først på dommar eller dommartrio, deretter på bortelagets kaptein og de øvrige spelarane.
  4. Til slutt helser bortelagets spillere på dommer eller dommertrio, leia an av kapteinen.
  5. Vi seier lykke til før kampen og vi takker for kampen etter, til motstanderen vår og til dommarane.

Respekt for dommaren

Dommaren er medlem av fotball/håndball familien, på lik linje med spelarar, leiarar og trenerar. Difor er det viktig at dommaren blir tatt vare på, og respektert som eit fullverdig familie-medlem når ho eller han reiser rundt for å dømme kampar. Da vil dommar trivst betre i si rolle og fortsette si utvikling til beste for seg sjølv og fotballen/håndball. Det å vise respekt for ein dommar betyr ikkje naudsynt at man er enig i alle avgjørelsar, at dommeren aldri tek feil, eller at man skal applaudere for dommaren. Men det betyr at man godtar den jobben som dommaren gjer, og har som utgangspunkt at vedkommende gjer sitt beste for begge lag. Dommaren vil aldri bli feilfri, men man må vise raushet nok til å sjå at dommaren gjorde sitt beste ut i fra sin posisjon. Fotball og håndball treng flinke dommarar. Mange kamper skal spelast i løpet av ein sesong, difor treng vi også mange dommarar. Jobben med å rekruttere inn nye blir enklere om vi viser respekt for alle dei som velger å være dommarar.

FairPlay reiseregler for sjåfører i IL Valder

  1. Hold fartsgrensa
  2. Ikkje ta med flere passasjerer enn du har lov til
  3. Ver skodd etter føret - sørg for å ha rette dekk på bilen
  4. Alle i bilen skal bruke bilbelte
  5. Møt opp i god tid, hastverk er lastverk
  6. Gi beskjed om eventuelle forseinkingar til lagleiar
  7. Alle sjåfører må være fylt 20 år (nytt punkt for 2016)