Tidlegare oppstart av særidrett

Etter mange rundar og diskusjonar i sportsleg, gruppestyra og hovudstyre, blei det på styremøte 10.januar 2023 beslutta at særidrett skal innførast eit årskull tidlegare enn før. Dette vil vere eit prøveprosjekt ut 2023, med ei evaluering, slik at det kan fattast vedtak på ei varig endring.

I vedlegget er det utgreidd for korleis oppsettet er for dei ulike årskulla.

Når det gjeld friidretten, er dei ikkje med i oppsettet per i dag. Friidretten i Valder ønsker i utgangspunktet å kunne gi eit tilbod til haustens 3.klassinger. Situasjonen i dag er at det er usikkert i forhold til treningstid, og det er behov for at 3.klassingen som ønsker å trene kjem med vaksenressursar. det er pr i dag ikkje nok kapasitet i trenerteamet til fleire barn. Om du er interessert i å bidra i friidretten, ta kontakt på epost

Red.anm: Oppdatert med nytt informasjonsskriv og info frå friidretten per 14.02.2023