IL Valder er det største idrettslaget i Giske kommune med aktive frå barneidrett til seniornivå. Klubbhuset vårt blir brukt flittig til trening, kamper og andre arrangement, og vi vil at det skal vere reint og fint.
Stillinga er eit engasjement på ca 10 timar i veka fordelt på to dagar. I tillegg kjem vasking mellom arrangement. Om det er ønskeleg kan fleire dele på stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Regelmessig reingjering av klubbhuset og toalett
- Vaske etter arrangement på klubbhuset
- Utføre andre oppgåver som inngår i reinhaldarstillinga
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- Fleksibel
Søknad med ein kort presentasjon sendast til: dagligleder@ilvalder.no