Med ein dedikert innsats og ein sterk vilje til å utvikle både seg sjølv og laget, har J15 oppnådd ein imponerande sesong med sigarar i både Trønder Energi serien og Baldus cup.

 

Legg ned mykje arbeid i treningskvardagen

Cathrin Valderhaug, ein av trenarane for jentene, fortel at sesongen har vore fantastisk, ikkje berre resultatmessig, men også i utviklinga til både enkeltspelarar og som lag. «Jentene legg ned mykje arbeid i treningskvardagen sin», seier ho. Etter fleire år med 2. plass i cupane, sette jentene seg eit mål om å vinne Baldus. I to kampar som enda med «Sudden death» klarte jentene å dra i land sigarane, noko som viser kor mykje som bur i dei. Samhaldet og bredda i laget var heilt avgjerande for suksessen. Cathrin trekkjer fram at breidda i laget er det motstandarane fryktar mest når dei møter dei. Ho seier at «laget står tett saman frå kant til kant, med ei solid målvakt bak. Når ein spelar ikkje har dagen, tek nokon andre ansvar». Cathrin understrekar at å vinne både Trønder Energi-serien og Baldus er ein rein lagsiger. Dei har lagt vekt på gode treningskvardagar og at det er på trening utviklinga skjer, ikkje under kamp. «Jentene får belønning etter å ha jobba saman jamt og trutt over tid. Dei står saman som lag og vinn denne sesongen som eit lag», seier Cathrin.

Bygge lag

Cathrin er opptatt av at skal ein skape gode lag, må ein tenke som eit lag, og ikkje vere så opptatt av å skape gode enkeltspelarar. «Det å inkludere alle heile tida er heilt avgjerande», seier ho. Fokuset deira har heile tida vore å skape eit lag og unngå å bygge eit lag rundt enkeltspelarar. Samtidig påpeiker ho at sjølv om lagfokuset har vore det viktigaste, betyr det ikkje at dei ikkje har jobba med å utvikle den enkelte. Gjennom heile barnehandballen hadde dei fokus på lik speletid. Ingen skulle oppleve å heile tida starte på benken, og all rulleringa var lik.

Viktig med stabilt team rundt laget

Cathrin seier ho føler seg heldig og ydmyk over å ha fått følgje desse jentene over lang tid. «Det å tilbringe mykje tid saman med dei, gjer at du blir oppriktig glad i den enkelte», seier ho. Ho har vore med denne gjengen sidan dei var 5 år gamle og aktive i barneidretten. Kristine Walderhaug har vore med som trener sidan dei var 10 år gamle, og lagleiar Stig Haugen like lenge. Cathrin trekker fram at det å ha eit stabilt team rundt laget har vore viktig. Dei har over fleire år forma ei solid og trygg gruppe. Dei seinare åra har Alexander Walderhaug kome inn ein gong i veka med eigne økter med styrke og kondisjon. Dette har styrka den fysiske forma til jentene og har vore avgjerande i jamne kampar. «Der andre lag har gått tomme har jentene greid å gå i kjellaren for så å komme attende og gjort det mogeleg å halde høgt tempo gjennom to heile omgangar.»

 

Sidan jentene spelte sin første handballkamp i barneidretten har dei hatt ei utvikling som ein berre må ta av seg hatten for. 12 målbevisste, glade, motiverte, treningsvillige handballkrigerar ser fram til å skape underhaldning til hausten igjen fortel Cathrin.

 

Fotograf: Samuel Andersen