På laurdag er det cupfinale mellom Brann og Lillestrøm, der skal også to Valdergutar vere med. Sigurd Kringstad har fått rolla som 4. dommar, medan Øystein Ytterland skal vere AVAR eller VAR-assistent.
Dommarteamet ser slik ut:
Dommer: Tore Hansen, Feda IL
Assistentdommar: Ole Haukåsen, Ridabu IL
Assistentdommar: Magnus Lundberg, Ringsaker IF
- dommar: Sigurd Kringstad, Valder IL
- dommar: Ivar Jahr, Raufoss IL
VAR: Ola Hobber Nilsen, Nordstrand IF
AVAR: Øystein Ytterland, Valder IL
Første norske cupfinale med VAR
Finala mellom Brann og Lillestrøm er første cupfinala i Noreg der videodømming vært nytta. Øystein har fått rolla som AVAR eller VAR assistent. I tillegg til administrative oppvåver som kontroll på kort, bytter, målscorarar og tilleggstid, skal AVAR monitorere det som skjer live. Spesielt dersom VARdommaren blir opptatt med å sjekke ut ein situasjon. Som fjerdedommar er Sigurd dommarens høgre hand. Han skal ha fullt fokus ut på bana, og gjerne vere dommarens «auge i nakken». Dommarsjef Terje Hauge seier på nettsidene til fotballforbundet at ved å vere 4.dommar melder Sigurd seg på som ein kandidat til framtidige cupfinalar.
Lykke til!