I Valder har vi gjennom eit samarbeid med Sparebanken Møre, oppretta eit stønadsfond for vanskelegstilte familiar. Kostnadane for livsopphald har auka drastisk siste året, og mange familiar slit mykje meir enn tidlegare. Stønaden kan til dømes benyttast til å betale kontingentar/egenandelar, lommepengar til deltaking på turar, utstyr, konkurranser og turnering knytta til forskjellige fritidsaktivitetar. Terskelen for å søke stønad skal vere låg. Ein kan ta kontakt direkte med dagleg leiar, eller ta det gjennom trenar/lagleiar. Trenarar og lagleiarar kan også ta kontakt på vegne av ein spelar. Det er viktig å hugse på at dette ikkje skal vere stigmatiserende for borna, så diskresjon er viktig.

Vi i Valder ønsker å ha eit tilbod for alle, uavhengig av økonomi. Kjerneverdiane våre, samhald og glede, er viktige nøkkelord i arbeidet med inkludering - på tvers av økonomi og livssituasjon.

Sportsleg helsing, dagleg leiar

 

Kontaktinfo dagleg leiar: dagligleder@ilvalder.no

Del på Facebook