Har du høyrt det før? Det sosiale fellesskapet du blir ein del av gjennom di deltaking i idretten, er unikt. Alle kan ikkje vinne ein konkurranse, men du som deltek vinn fellesskap og vennskap som ofte varer livet ut.
Din uvurderlige innsats bidreg til å skape gode og trygge lokalsamfunn kor barn og unge får utfolde seg med det som gir dei meistring, utvikling og idrettsglede. Ved å delta og engasjere deg blir du ein som verkeleg tel.
Gjennom idrettsfellesskapet får du ein fantastisk moglegheit til å utvikle deg som menneske, enten du brenn for styrearbeid eller ønsker å delta som trenar, dommar, kioskvakt, tidtakar eller utøver.
Grip moglegheita, bli med i idrettsfelleskapet og få ny kompetanse som du vil få glede av resten av livet, både innafor og utanfor idretten.